Banen er STENGD

Kvinnherad Golfklubb 20-år – Jubileumsfest

45 feststemte medlem av klubben sørga laurdag for ein suksessfull jubileumsfest! Det vart feira at Kvinnherad Golfklubb er vorte 20 år!

Håkan ynskte velkommen til bords og det vart servert godt koldtbord. Etter mat orienterte Leif Thuland om korleis det var å etablere banen den gong, for 20 år sidan. Deretter vart det delt ut takk, blomar og gjort stas på dei som skal gjerast stas på.

Ove Tungesvik og Steinar Fjellstad vart æresmedlem i Kvinnherad Golfklubb for sin omfattande dugnadsinnsats i klubben.

Håkan Bjørk, som ved årsskiftet går av som dagleg leiar, fekk takk frå styre og klubb for langvarig og viktig arbeid for klubben.

Verner Fjelland og Odd Herskedal vart takka for jobben dei har gjort for klubben det siste året.

Kim Vevik, Thomas Fredlund og Anjo Såtendal var ikkje sjølv til stades, men fekk blome og lovord for aktivt engasjement med dugnad og spel frå første stund som medlem i klubben.

Etter takk og talar gjekk festen vidare med kaffe, kake og noko godt i glaset. Takk for godt lag! Sjå bilete frå festen under.

Odd Herskedal og Verner Fjelland mottok blomar frå klubbstyret v/ Frøydis Gjuvsland. Foto: Leif Thuland

Ove Tungesvik og Steinar Fjellstad vart æresmedlem i klubben. Foto: Leif Thuland

Styreleiar Ivar Arnesen overrekker gåva frå styret til Håkan Bjørk. Foto: Leif Thuland

Håkan Bjørk ønsker velkommen. Foto: Leif Thuland

Foto: Leif Thuland