Banen er OPEN

Golf Nordic Open 2021


For tredje året på rad er Kvinnherad Golfklubb arrangørklubb for Golf Nordic Open! Turneringa går 24.5.2021 og er i år ei parturnering.

  • Speleformat: Fourball
  • Handicap: 75%
  • Startkontigent: 300 kr
  • Greenfee: 200 kr (Gratis om du har fri spelerett)
  • Premiar: 1., 2. og 3. plass vert premiert.
  • Vinnaren går til Superfinale i Golf Nordic Open

Turneringa vert også arrangert på ei rekkje andre banar i Norden gjennom sommaren 2021. Voss Golfklubb (22.5) og Bjørnefjord Golfklubb (23.5) er andre klubbar i nærleiken som også arrangerer turneringa og eit lag kan stilla på så mange Golf Nordic Open som dei ynskjer.

 

I Fourball spelar kvar spelar på sin eigen ball og lagets beste score på kvart hol vert teljande.