Banen er OPEN

Julehelsing

Gode golfarar!

Verner Fjelland vart klubbmeister i 2018

2018 har vore eit spanande år i klubben! Me kan med anna gleda oss over ein særs aktiv banekomite som mellom anna har gjort ei flott endring rundt greenen på hol 6.

Me har også gjennomført fleire gode turneringar. Her er det verdt å nemne Verner Fjelland som greide å sette ny klubbrekord under klubbmeisterskapet på 150 slag, og det med to 18-hulls rundar same dag.

Klubben har i løpet av seinåret 2018 lansert nye nettsider som skal gjere det lettare å få informasjon om klubben både på PC og mobil.

I 2019 har klubben 20-års jubileum og styret er alt byrja å tenke på korleis dette skal markerast, men me kan vente oss mykje morro.

No ser me fram til eit nytt, spanande golfår med masse kjekk aktivitet både for nye og erfarne golfarar!

God jul og godt nytt år!