Banen er OPEN

MELD DYKK PÅ ÅRETS BEGIVENHET!


Helga 24. og 25.august er da Klubbmesterskap. Den helga skal me kåre årets Klubbmester (herrer og damer) og årets «Klubbhandikapper». Meld dykk på i ønska turneringsform i golfbox.

Begge turneringsformer går over 2 dagar.
Ein må velge enten SLAG eller HCP. Ein får ikkje delta i begge.
NB:
  1. Da må minimum vera 2 påmeldte i kvar klasse for å kunne kåre ein Klubbmester.
  2. Lokal regel E-5 gjeld ikkje (alternativ til slag og lengde for mista ball eller ball utanfor banen)
  3. Flaggplassering blir endra frå laurdag til søndag.
  4. Dei som er påmeldt turneringen kan ikkje spela banen etter kl 1700 fredag 23.august. Ein kan heller ikkje spela banen mellom rundane laurdag og søndag.
  5. I spesielle tilfeller, der værmeldingen tilseier at spel vil vera nærmest umulig å gjennomføra ein av dagene, kan turneringskomiteen bestemme at ein skal spela 2 runder på ein dag. I ytterste konsekvens, så kan da også avgjerast at bare 1 runde blir tellande.
Håper at me kan fylla opp banen begge dagar!