Banen er OPEN

Støttemedlem


Det er no oppretta eit nytt medlemsformat i Kvinnherad Golfklubb for støttemedlem.

Dette kjem av at det er enkelte som ikkje kan eller ynskjer å spela golf men som vil støtte klubben økonomisk. Støttemedlemskap kostar i utgangspunktet 1000kr i året og som støttemedlem får du rabatt på husleige som andre medlem samt info frå klubben.

Sjå http://golfen.no/klubb/medlem/ for meir informasjon. Ynskjer du støtta Kvinnherad Golfklubb med andre beløp, ta kontakt med dagleg leiar på post@golfen.no eller på telefon, sjå Kontakt.