Banen er OPEN

Til minne om Leif Amund Andersen


Leif Andersen gjekk brått bort 27. november, nokre månadar før han skulle feira 80 år.


Kvinnherad Golfklubb har mista eit medlem som i mange år gjorde ein solid jobb i bygginga av klubben, ikkje minst på det administrative og praktiske plan.

Leif var ein sindig og kunnskapsrik person som me alltid kunne stola på. Når han tok på seg oppdrag var det ingen tvil om at desse vart gjennomførte, og på ein nøyaktig og god måte.

Som dagleg leiar i fleire år fulgte han opp og utførte alle styrevedtak. Han var dessutan sers grundig med å passa på dei økonomiske aspekta, som er vesentleg i ein klubborganisasjon.

I heile sitt vaksne liv arbeidde Leif med transport og logistikk. Han køyrde store lastebilar og bussar i yngre dagar, mens han etter kvart vart engasjert i planlegging og logistisk oppfylgjing.

Dette kom godt med når han i 2014 tok på seg oppgåva som greenkeeper, som han det første året kombinerte med dagleg leiar-rolla. Han etablerte ein ny standard på banevedlikehaldet. Hans iherdighet og perfeksjonisme gjorde at banen alltid var i god stand, inkludert «utviding» med å slå mykje rough. I tillegg hadde han stor kunnskap og praksis med det mekaniske, noko som gjorde at han i stor grad kunne halda maskinparken i orden på eiga hand.

Sjølv om Leif dei siste åra ikkje kunne spela golf på grunn av sine astmaplager, stilte han regelmessig opp på seniordagane, seinast for nokre veker sidan. Han var levande oppteken av golfklubben, samt å halda kontakten med andre med same interesser.

Me vil hugsa Leif som ein sers omgjengeleg og fredsæl mann. Aldri høglytt, men med klare meiningar. Ein mild, snill, stødig og påliteleg kar som vil bli djupt savna.

01.12.2021 Steinar Fjellstad

Kvinnherad Golfklubb har gitt ei gåve til Kvinnherad Ambulanse i Leif sitt namn.