Banen er OPEN

Golfhuset

Golfhuset ligg fint til ved vår golfbane på Husnes, og er tilgjengeleg for utleige til medlemar, privatpersonar og verksemder. Huset er romsleg og godt utstyrt for å gjera din samankomst vellukka. Andre etasje er ein festsal med sitjeplass til minst 60 personar. I tillegg eit kjøkken utstyrt for å traktera eit tilsvarande antal gjester. På grunnplanet har vi eit lokale med minikjøkken og sofagrupper.  Sitjeplass til omlag 20 personar.

Huskomitè kan gje informasjon om leige av golfhuset:

Steinar Fjellstad, telefon 915 31 518,  epost steinar.fjellstad@knett.no

Leif Thuland, telefon 917 30 082,  epost leif.thuland@live.no

Leigeprisar 2023, pr. døgn:

Festlokalet i øvre etasje:

#  Kr. 2.100  fredag – søndag og heilagdager.

#  Kr. 1.000  mandag – torsdag.

Lokalet på grunnplanet:      (Vert vanlegvis berre leigd ut saman med festlokalet)

#  Kr.  400  fredag – søndag og heilagdagar.

#  Kr.  300  mandag – torsdag .

Leige av lokale i fleire døgn:  50 % frå og med døgn 2.

Medlem som har betalt årskontingent betalar 65 % av ordinær pris når vedkomande sjølv har arrangement i huset.

For fast leige av lokalitetar kan leigepris avtalast med huskomitè.

Ved utleige vert det inngått skriftleg kontrakt.

Golfhuset skal vera reingjort og vaska etter bruk.  Vask kan gjerast av klubben etter nærare avtale.