Banen er OPEN

Historie

Tankar om å stifta en golfklubb kom i 1997. Etter ein del arbeid i felten vart Kvinnherad Golfklubb formelt stifta i august 1999. SØRAL stilte til disposisjon delar av sitt industriområde, ca 250 mål, til ein golfbane. Etter fleire år med dugnad, og med velvilje og god støtte frå delar av næringslivet og Kvinnherad kommune (Tippemidlar), kan vi i dag gleda oss over eit praktfullt anlegg.

Klubben har i mange år hatt rundt 200 medlemar. Og plass til mange fleire ! Eit stort arbeid har vorte utført med å renovere gamle Risnesløa til nytt klubbhus. Eit stort dugnadsarbeid, som har hatt bruk for alle medlemar, har resultert i eit flott klubbhus til stor glede for mange.

Risnesløa var ei gåve frå SØRAL, saman med ein million kroner til å starta opp investeringsprosjektet. Vi har til disposisjon festlokale m/kjøkken, klubblokale, proshop, sanitærrom, kontor og lagerrom. Vi vonar at Klubbhuset vert eit samlingspunkt for mange. For ein rimeleg kostnad skal private såvel som lag og organisasjonar kunna leiga dette flotte huset.

Vår ambisjon: Å vera ein klubb der det sosiale og sportslege går hand i hand. Vi er ikkje nokon eliteklubb, men ein klubb med mange dyktige spelarar som primært spelar golf fordi det er gøy, og for å ha fysisk aktivitet ute i frisk luft. Vi ynskjer å skape eit golfmiljø med fokus på alle. Om du er nybyrjar eller erfaren golfspelar, mindre god, habil eller særs dyktig: Alle skal kunna finne ein plass i klubben, og ta del i våre aktivitetar.

Vi ser på klubben/organisasjonen vår som ein ressurs for heile Kvinnherad. Aktivitetar for skule og andre grupper i samfunnet skal, og bør, vera tilgjengelege. Klubben og medlemane helsar alle velkomne til oss, og til å dela gledene med Golf.