Veien til golf
Veien til golf-kurs, eller VTG, er eit obligatorisk kurs for alle som ønsker å spela golf. På dette kurset får du ei innføring i golfspelets grunnleggande teknikk, reglar, tryggleik og åtferd på banen.
Kurset går over 9 timer fordelt på 2 dagar og 75% av tida er vi på banen.
Du treng ikkje utstyr for å ta kurset hos oss. Du får låne køller og ballar av klubben og kurset kostar kr. 990,-. Redusert pris på kurset om ein samtidig melder seg inn i Kvinnherad Golfklubb. Kursmateriell får du tilsendt i forkant av kurset.
Etter avslutta kurs mottar du eit diplom som du må legga fram om du velger medlemskap i ein annan klubb enn hos Kvinnherad Golfklubb. Du får 1 månaders prøvemedlemskap med fri spelerett hos Kvinnherad Golfklubb, då vil du finne ut om golf er ditt nye liv!
Er du interessert i å læra golf, ta kontakt med klubben på verner.fjelland@gmail.com eller post@golfen.no